Vi har konsentrerte kurs, som går til fastsette datoar (sjå kursoversikt). Undervisninga går på dagtid etter fastsett timeplan, teori/praksis, og er basert på at eleven er tilgjengeleg gjennom heile kurset. Vi har pakkepris på heile opplæringa.
Elevane får undervisning i teori og køyring kvar dag, og praktiske prøver er førehandsbestillt på trafikkstasjonen slik at alle har muligheit til å ta sertifikata på tiltenkt tid dersom dei står på teorieksamen på første forsøk.
Førarkortopplæringa for kl C tek 2-3 veker.
For å oppnå gode resultat krevs det målretta og hard jobbing både for elevar og lærarar, men vi har veldig gode resultat å vise til etter nærmare 40 år i bransjen.
TEORIKURS:
Det meste av teoripensum er tilgjengelig på DVD i skulens klasserom, noko som gjer innlæringa effektiv.(forskjellige emner kan repeterast) Vi har laga filmane sjølve.
PRAKTISK OPPLÆRING:
I den praktiske opplæringa får elevane øve i grupper, og lærer dermed også av kvarandre.
KURSPAKKEOVERSIKT:
– Grunnkurs tunge kjøretøy obligatorisk
– Teorikurs for alle storbilklasser
– Læremateriell til teorikurset
– Teoritentamenar og testoppgåver
– Kjøretimar
– Veiledningstimar obligatorisk
– Lastsikringskurs obligatorisk
– Ulykkesberedskapskurs obligatorisk
– Sikkerheitskurs på veg kl. C obligatorisk
– Gjennomgang av sikkerheitskontroll
– Leige av skulevogn til praktisk førarprøve (1 stk. pr. førarkortklasse)
– Overnatting i dobbeltrom på internatet. Enkeltrom er tilgjengeleg mot tillegg i pris.
Vi tilbyr også vanlig timeopplæring dersom det av ulike årsaker er vanskeleg for elevane å delta på eit heilt kurs. Dette må avtalast med trafikklærar i kvart enkelt tilfelle.
– Komplett YSK for godstransport 140 timer ( Varigheit 4-5 veker)
Ta kontakt dersom du ynskjer detaljert timeplan